Historie

Til Lade for å lade

Skrevet av Tore Fossen | 13. oktober 2024

Det heile starta med ein idé om kor langt vekk ein kan komme med ein Škoda Enyaq RS, med startpunkt Frydenbø Bil i Førde. Eit kjapt Google Maps-søk viste at distansen Førde-Trondheim, eller rettare sagt Lade i Trondheim, er på 526 kilometer. Maks rekkevidde på RS-modellen er 536 kilometer. Vi fann ut at det ville halde hardt å kunne komme seg til Lade på ei lading. Og det å køyre frå Førde til Trondheim berre for å lade er jo litt kjedeleg, så då kom idéen om å la Blåtur-appen til Škoda, ein KI-basert app som kjem med turtips til deg, legge inn eit stopp-punkt eller to på vegen. Som sagt så gjort. 

Kvar skal vi reise? 

Vi sette oss i bilen ein måndag morgon. I dette tilfellet var “vi” ei gruppering av tre menn i bortimot sin beste alder: Simon Vie (langtransportsjåfør og festivalgeneral), Ivar Høyvik (fotograf) og underteikna (marknadskoordinator i Frydenbø).  Klokka viste 08.05, og vi vippa opp telefonen. Ikkje noko juks og fanteri. Dei forslaga som dukka opp, skulle vi besøke. Vi tasta inn avreise Førde og endestopp Trondheim. Ba om at app-en skulle finne to stopp, med «historie» som tema. Etter nokre sekund kom forslaga: Geiranger og Ålvundeid.  

Geiranger var for så vidt greitt, der app-en føreslo Norsk Fjordsenter, men kor i himmelens namn ligg Ålvundeid? Vel, den tid, den sorg, som det heiter. Det skulle vi nok finne ut, men ikkje før Geiranger var avlagt eit besøk.  

Klokka 08.10 tok vi av. Yr.no melde om brukbart ver, så vi sette vår lit til at den tunge morgontåka som låg over Førde ville forsvinne etterkvart. Og det gjorde den. 

Med 100 prosent på batteriet, viste displayet at vi kunne køyre 509 kilometer. Altså ikkje nok til å komme oss til Lade, utan å lade, og i alle fall ikkje når vi skulle ein avstikkar til Geiranger. Men lade på Lade, det skulle vi uansett.  

 

Ein vakker dag 

Etter 20 kilometer på E39 kom vi til Nikolai Astrup sitt rike, Jølster, og Jølstravatnet låg spegelblankt. Der fann Vår Herre ut at det var nok tåke for i dag, letta på sløret og avslørte ein blå himmel bak skydekket, og vi konkluderte med at det truleg kom til å bli ein fin dag. 

Praten går lett når ein samlar tre taletrengde karar i ein bil, og allereie etter nokre få mil konkluderte vi med at vi bur i eit vakkert land.   

På Byrkjelo svinga vi til høgre og køyrde over Utvikfjellet. Med 340 hestekrefter  tilgjengeleg og firehjulstrekk er det gøy å køyre motbakkar med krappe svingar. Ved utsiktspunktet like ved Karistova var det tid for fotosession, og sjølv midt i september er det framleis rikeleg med tyske turistar i bubilar som gjer det same som oss: fotografere den vakre utsikta over Nordfjorden. Vi tok sjølvsagt nokre bilete og litt dronefoto av bilen vår vi også, og tok på oss rolla som turistar. Rett nok i eige fylke, men det kunne ikkje tyskarane vite. 

Etter to timar køyrer vi gjennom Stryn sentrum, og displayet viser at vi har 70% straum att. Tilbakelagt distanse 122 kilometer. 

 

 

Ta deg tid til å oppdage 

Det som er viktig når ein er på tur, er å ta seg tid til å stoppe og sjå på ting langsetter vegen. Og det gjorde vi sjølvsagt. Mellom anna måtte vi ta ein liten pause for å sjå på den gamle brua på veg opp Strynefjellet. Eit pent stykke arbeid som framleis står etter at den stod ferdig i 1883. Å studere, og fundere, på korleis dei greidde å bygge slike bruer for snart 150 år sidan, utan datamaskiner til å kalkulere, NVE, Statens Vegvesen og Statsforvaltaren til å kverulere, er beint fram imponerande. Men vi måtte vidare. Til Geiranger. 

Etter å ha køyrt gjennom dei tre tunnelane som gjer Strynefjellet sånn nokolunde farbart heile året, svinga vi av Riksvegen 15 og inn på Fylkesveg 63. No stod det att 40 minutts biltur til Geiranger. Ei sanning med modifikasjonar. For denne vegstubben innbyr til fleire stopp, og eitt av dei er definitivt «Knuten», eit stykke byggverk frå 1899, med 270 graders vegkurve for å redusere den bratte vegstiginga. Den kryssar seg sjølv med ei bru. Nok eit eksempel på at ein fekk ting til i tidlegare tider også. Og så måtte vi sjølvsagt stanse ved utsiktspunktet ovanfor Geiranger, menge oss med utanlandske turistar frå det store cruiseskipet som låg ved kai i bygda, og ta bilete av staden som for ikkje lenge sidan stod i sentrum for eit bryllaup med kongeleg innslag. 

 

Kjebab i Geiranger 

Klokka viste 12.33 då vi parkerte på kaia i sentrum, og før Norsk Fjordsenter kunne vitjast, måtte vi ha oss lunsj. Om det ikkje akkurat var kongeleg style på Brasserie Posten, så var det i alle fall ikkje noko å seie på maten. Vi gjekk alle tre for kjebab, ein lokal variant av kebab’en, men med geitekjøt. Og har du ikkje prøvd kjebab, så prøv ein gong du får sjans til det. Konklusjonen vår er klokkeklar: Dette var kanongodt! 

 

Så var det tid for dagens første Blåtur-tips: Norsk Fjordsenter – eit besøkssenter som skal vise og lære oss om Geirangerfjorden verdsarvområde og det vestnorske fjordlandskapet. Kjedeleg? Nei, så absolutt ikkje. Her får ein innsikt i både korleis naturen har forma landskapet i regionen og korleis folk har livnært seg gjennom generasjonar. Om du stikk innom, så få med deg den flotte filmen dei viser kontinuerleg på senteret.  

Med meir kunnskap om biologi og geologi, ein kopp kaffi og ein bolle, takka vi for oss og sette oss i bilen igjen. No skulle vi få vite kva Ålvundeid kunne by på, og kor i verda det låg.  

 

Ålvundeid? Tja... 

Vi klikka på Ålvundeid i app-en, og då dukka meldinga «Innerdalen – En vakker fjelldal i Norge» opp. Nytt klikk, denne gongen på «Finn veien hit», og det viste seg at det var kjappe fire timar og 15 minutts køyring, pluss ein time roleg spasertur  før vi var komne til hjartet av Innerdalen. What? Vi såg på klokka. 15.30. Innerdalen ligg på Sunndalsøra, og med litt googling og hovudrekning, rekna vi oss fram til at ein roleg spasertur på ein time blir til to om vi skal tilbake også, altså seks timar og 15 minutt, utan eit einaste stopp, og to og ein halv times køyring frå Ålvundeidet til Trondheim, ville bety ankomst hotellet vårt klokka cirka midnatt pluss pluss. Nei, vi hadde nok surra alt for mykje allereie, og meir surr ville det bli utover ettermiddagen. Vi hadde jo tenkt å filme litt og ta bilete av den flotte Enyaq-en vi køyrde med. 

 Dette skriv Blåtur-generatoren om Ålvundeidet: 

Men vi er menn, og vi tek raske avgjerder. Vi droppa Ålvundeiet i denne omgang. Skulle vi komme oss til Lade før det var for seint (ja, må jo rekke litt middag og kanskje litt å skylle ned vegstøvet med, fann vi ut at vi berre droppa fleire kulturelle gjeremål. Vi køyrde tilbake til Strynefjellet og la kursen mot Lom. Det måtte vere ein høveleg stad å kunne både lade og få eit kjapt mellommåltid. Schakenda sitt bakeri freista. 

Lade på Lom 

Etter å ha funne ein ladestasjon, lasta ned Recharge-appen, traska vi i veg mot det kjende bakeriet. Til vår store skuffelse var vi eit par minutt for seine. Sjappa var nettopp stengt, så vi måtte ta til takke med ei pølse kvar frå Circle K-stasjonen. 

Ein kan lade frå 10 til 80 prosent på 28 minutt, så etter gode 25 minutt hadde vi fått trykt innpå så mykje straum at det skulle rekke i rikeleg monn til Lade. Vel å merke dersom vi ikkje fann på dei store sprella undervegs. Vi er framleis menn, og menn tek raske avgjerder... 

Så bar det vidare mot Trondheim, over fjellet mot Sel og  inn på E6. Så mange sprell vidare vart det ikkje. Eit naudsynt stopp for å kjøpe kaffi på Dombås før Dovre skulle forserast måtte til. For YX Dovre, eller Dovre Bensin Kro og Motell, også kjent som «Castroen» på folkemunne, er ei legendarisk vegkro som starta opp i 1960, og har hatt døgnope frå same år. Og då snakkar vi 365 dagar i året – i over 60 år. Ikkje mange som slår den. 

Dovrefjell i haustsol 

Dovrefjell stod fram i sin vakraste bunad. Enyaq-en vår, i fargen Phoenix orange metallic, glitra vakkert i kveldslyset. Vi speida etter moskusane, men dei hadde tydelegvis funne anna beitemark enn langsetter vegen. Det var berre å gje gass å komme seg til Trondheim, for å lade. 

Kl 21.15 parkerte vi like ved hotellet vårt, og sidan det var blitt så seint, trumfa svolt og tørst lading. Vi konkluderte kjapt med at akkurat lading stod litt langt nede på prioriteringslista. Dessutan tek det ikkje lang tid å lade, så vi sa god natt til bilen og sjekka inn på hotellet for å få oss ein matbit og litt drikke før vi tok kvelden. 

 

Nytt blåtur-tips 

Etter ein betre frukost på Quality Hotel Augustin i sentrum av bartebyen, køyrde vi til Lade City, der vi endeleg skulle utføre vårt opprinnelege mål: å lade på Lade. Og etter ein stor kopp kaffi, ville vi la Blåtur-appen finne ei interessant reiserute heimatt. For å unngå at den skulle sende oss over Dovrefjellet igjen, la vi inn Molde som endepunkt for turen. 

Rimeleg nysgjerrige samla vi oss over telefonen, då app-en jobba iherdig for å overraske oss. Og så dukka destinasjonen opp: Surnadalsøra. 

Surnadalsøra? Vi såg på kvarandre, og konklusjonen var klar: Vi dreg dit. Ingen av oss hadde vore der før, og det er jo ein del av konseptet: finne plassar som kan overraske oss, utan at vi har den minste peiling på kva som møter oss. – La oss ta lunsjen vår der, sa Simon. 

Dette skriv Blåtur-generatoren om Surnadalsøra: 

Wow! Dette kunne bli interessant. Vi sette oss inn i Enyaq-en som no var tilnærma fullada. Nesten 500 kilometer rekkevidde viste skjermen, så det var berre å innta plassane i dei komfortable seta og sette kursen om Surnadalsøra. 

I følge reiseruta som Google Maps ga oss, skulle turen ta vel to timar, og distansen til målet var 132 kilometer om vi køyrde E39 og tok av på Fv65 ved Orkanger, noko vi bestemt oss for å gjere. 

Eit vakkert land 

Når ein køyrer på vegar ein aldri før har vore på, oppdagar ein litt ymse. Bustadbygg i form av lån, eller Trønderlån, nordmørslån eller namdalslån er fascinerande bygg, og ganske ulikt bustadhusa vi normalt sett er vane med. Eit lån er eit langstrekt og smalt våningshus, vanlegvis i to etasjar.  

Ein annan ting vi observerte og reflekterte over, er at vi bur i eit veldig vakkert land, og spesielt når vi hadde høgare makter med på laget, makter som kasta sol og varmegrader over oss farande fantar. 

Etter gode to timar i bil, med innlagte pausar for naudsynte ærend som toalettbesøk, påfyll av drikke kom vi til Surnadalsøra.   

Der tida stoppa opp 

Og la det vere sagt med ein gong: Utan blåtur-appen til Škoda ville vi aldri fått opplevd denne fascinerande destinasjonen. Vi parkerte bilen og gjekk gjennom det som ein gong truleg har vore eit travelt samfunn, men som etterkvart har mista viktige funksjonar som butikkar og serviceverksemder.  

Å rusle langsetter vegen og studere bygg, og ikkje minst alle dei kreative løysingane vi såg, vart rett og slett ei vandring vi seint vil gløyme. Ein husvegg utan vindauge er kanskje ikkje så spesielt, men når ein målar vindauge rett på veggen? Ja, då blir det spesielt. Eller den gamle rutebilstasjonen som er bygd i ein boge slik at han fluktar med svingen langsmed vegen som allereie låg der frå før. At kunstnarar har fått utfalde seg i Surnadalsøra viser mellom anna igjen i Atelier Ellen Hegg, som tidlegare har fungert som bedehus for innbyggjarane. Jau, her var det mykje å sjå, og mykje å kommentere oss imellom. Akkurat kva årstal tida stansa på Surnadalsøra er ikkje godt å seie, men det må ha vore for nokre år sidan. 

Det var dessverre dårleg med etestadar på Surnadalsøra, så lunsjen vi hadde tenkt å innta der, måtte pent vente til seinare. Veldig mykje seinare. 

Men det er nettopp dette som er gøy med å la andre, i dette tilfellet blåtur-konseptet til Skoda, bestemme reisemål. 

 

Eit siste påfyll, for folk og bil 

Etter å ha tatt plass i bilen igjen var det på tide å komme seg heim. Vi køyrde via Molde, over Strandafjellet, og stopp for ein sein middag (lunsjen droppa vi heilt) på Stranda Gastropub, der Simon greidde å lange innpå ein 400 grams biff! Vi andre var godt nøgde med spareribs og hamburgar med pommes frites. Og medan vi fekk påfyll i svoltne skrottar, hadde vi parkert bilen ved Eviny sin ladestasjon, slik at Enyaq-en også var fôra med energi. Med hurtiglading tek det under ein halvtime å lade frå 10 til 80 prosent. Etter ein knapp times pause var det meir enn nok straum på batteriet til å få oss heimatt til Førde. 

Turen til Lade, for å lade, vart mykje meir interessant med hjelp av Blåtur-app-en, og har du tid, er lysten på å oppleve noko spennande, så prøv den du også: blatur.skoda.no